«Vi i Musea i Sogn og Fjordane er særs godt nøgd med tilsettinga av Susanne H.G. Poulsson som ny avdelingsleiar for Norsk Reiselivsmuseum. Ho har ein spanande og solid bakgrunn som vil vere viktig for utviklinga av reiselivsmuseet framover. Poulsson blir også ein viktig ressurs for heile det konsoliderte museet vårt. Vi gler oss til ho kjem», slår administrerande direktør Kjartan Aa Berge fast.

 

Susanne har i tillegg til si akademiske karriere jobba med utvikling av utstillingar og ei rekke andre prosjekt innafor kultur og reiseliv sidan tidleg på 90-talet. Hun har drive sitt eige firma innan rådgjeving, konsept- og kompetanseutvikling på feltet.

 

Susanne er utdanna Cand.mag. (psykologi/filosofi) frå Universitetet i Oslo, og har en MBA (Master ofr Business Administration) frå Bond University i Australia, samt en doktorgrad frå Handelshøgskulen BI på tema opplevingsøkonomi.

 

Susanne er oppteken av at musea kan skape levande og engasjerande møteplassar mellom menneske og kunnskap. Ho ynskjer at besøkande ved Norsk Reiselivsmuseum skal kunne oppdage meir av det fantastiske som var, og er knytt til det å reise og oppleve Noreg.

 

Susanne kjem frå Nesodden utanfor Oslo. Ho er reiseglad, og har budd fleire år i utlandet, og det på hele fem ulike kontinent. No ser ho fram til å gjere seg kjend med Balestrand og å få oppleve meir av det vakre Sogn og Fjordane.

 

 

Kontaktperson:

Adm. dir. Kjartan Aa Berge
Mail: kjartan.aa.berge@misf.no
Tlf: 414 46 439