Sogn og Fjordane Kunstmuseum ved Kunstfagleg råd, har i desember gått til innkjøp av Maia Birkeland sin installasjon "Byløa", satt saman av pallar, bølgeblekkplater og ein video med lydspor.

«Byløa» vart reist på dugnad laurdag 13. mai framfor Førde rådhus. Dugnadsånda viser til ein tradisjonell arbeidspraksis og ei kollektiv involvering ved å arbeide i lag. Plassering av «Byløa» skapte ein møteplass, gav ulike referansar til omgjevnadane, og refleksjon over fortid, samtid og framtid.

Maia Birkeland er fødd i Førde, vaks opp her på 1980- og 90 talet, og har djupe røter til heimstaden sin. Med "Byløa" dreg ho fleire parallelle problemstillingar mellom overgang frå bygd til by – det landlege og det urbane. Verket er bygd av europallar – ei krysning mellom bygd og by. Løa  aktualiserer både politiske, økonomiske og personlege motsetnader gjennom materialbruk, film og lydspor.