Lev-vel prosjektet, Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane ein auke i antal besøkande i 2017 på 5 %, som gjev eit samla besøkstal på 66.830 gjester, ei auke på 3016 besøkande.

«Vi har ikkje hatt så gode besøkstal i Musea sidan før 2012, noko som vi er godt nøgde med. Når vi i tillegg har aukande grad av tilfredse besøkande, er dette særs gledeleg. Vi hadde ein fin vekst på hausten med både turistar og formidlingsopplegg, men vi har eit potensiale for å auke besøkstalet i sommarsesongen», seier administrerande direktør i Musea i Sogn og Fjordane Kjartan Aa Berge.

Ein del av auken kjem av DKS-opplegget «Tidskapselen», der 1600 elevar i 9 klasse har besøkt våre museum i løpet av skuleåret 2017/2018. Mange har allereie vore innom oss, men det gjenstår ein del besøk for vårsesongen 2018. Musea i Sogn og Fjordane sett stor pris på at vi er ein del av DKS-opplegget, og vi har eit godt samarbeid med Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Seanse om tilbodet.

Kystmuseet i Sogn og Fjordane har hatt ei auke på 27%. Dei har eit godt samarbeid med skulane og barnehagane i Flora kommune og Vågsøy kommune, med godt besøkte formidlingsopplegg.  I tillegg hadde dei ein god sommarsesong, med auka tilbod til barnefamiliar og tilbod om omvising i Bataldenbua. Dei har òg hatt mange arrangement i samband med Lev-Vel-prosjektet, med kurstilbod på dagtid og tilrettelagd formidling for eldre.

Norsk Kvernsteinsenter i Hyllestad har vist positiv utvikling over fleire år, og hadde i år ein auke på 40%. Her har vi hatt auka aktivitet med fleire arrangement enn tidligare år og generelt auka besøk.

Sunnfjord Museum har hatt ei spanande utstilling med «Kvardagsfolk» av Maja Birkeland i sommar, og utstilling av «Pepparkakebygda» før jul, og mange formidlingsopplegg. Dei har besøkstal på same nivå som i 2016.

De Heibergske Samlinger- Sogn Folkemuseum hadde ein god sesong i 2016, og tangerer om lag tala i 2017. Museet hadde ein god skuldersesong både i vår og haust. Dei har hatt i tillegg hatt godt besøk frå skulane i Sogn.

Norsk Reiselivsmuseum har ein auke på 7%, og ein ser at det er stadig fleire nøgde gjester når vi ser på responsen i gjestebøker på nett. Vi jobbar no aktivt i lag med Visit Sognefjord for å lage opplegg for turistane tilpassa skuldersesongen på Reiselivsmuseet og De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde har ved årsslutt om lag same besøkstal som i 2016. I tillegg er  det 7-800 personar som har besøkt Byløa til Maja Birkeland. Etter eit hektisk første halvår med mykje aktivitet har hausten vore rolegare her.

Astruptunet held fram med veksten i 2017, så vi ser framleis effekten av den internasjonale Astruplanseringa i 2016.

Sogn Kunstsenter har ein nedgang frå i fjor, men det er for lite besøk i høve til potensialet for Hans Gjesme-utstillinga.

Eikaasgalleriet har hatt den godt mottekne utstillinga «Med skjemt og vet», besøkstala har ein liten auke frå 2016.

Anders Svor Museum har ei god auke i besøkstala samanlikna med 2016, men det er framleis potensiale for å auke besøket til museet.

Sjølv om vi er opptekne av å lukkast med besøksvekst ved alle kunstmusea våre er vi samla sett nøgde med utviklinga for musea.

Nordfjord Folkemuseum har hatt ein liten nedgang i samla besøkstal, grunna vakanse i formidlarstillinga fyrste semester. Det er imidlertid fleire individuelle besøkande i 2017 enn i 2016, noko som tyder på at avdelinga si satsing på individuelle besøkande har slått an. Avdelinga har elles arbeidd mykje med samlingsforvaltning, noko som er ein viktig del av samfunnsoppdraget for musea våre.

Museumspass
For at musea skal klare å hente ut meir av veksten som i er i reiselivet i fylket lanserer Musea i Sogn og Fjordane eit museumspass for sesongen 2018. Ved å kjøpe Museumspasset vil ein få fri inngang til alle musea våre ein gong i kalenderåret. 2018-sesongen er eit prøveår for dette produktet, og er vi er spente på mottakinga.

Kontaktperson:
Administrerande direktør Kjartan Aa Berge: 414 46 439
E-post: kjartan.aa.berge@museum.misf.no

Pressemeldinga finn de her