NYHENDE

Svekka økonomiske rammer krev nye strategiske grep for musea

I framlegg til statsbudsjett for 2018 er det foreslått eit tilskot for Musea i Sogn og Fjordane på kr. 36 290 000. Dette er ei svak auke frå 2017 på om lag 2,2 %, som er litt lågare enn forventa pris- og lønnsvekst på 2-2,4 %. I realiteten er tilskotet difor ei svekking av Musea i Sogn og Fjordane sine økonomiske rammer.  

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane hadde i 2017 pr. august 46.980 gjester. Auken frå toppåret 2016 er på 2% hittil i år.

-Når vi ser på gjestekommentarar i sosiale media viser trenden at vi har aukande grad av nøgde besøkande. Det er ikkje berre volum som er viktig for oss, men at vi gjev opplevingar av god kvalitet slik at dei besøkande kjem att eller fortel andre om sine opplevingar,  seier administrerande direktør i Musea i Sogn og Fjordane Kjartan Aa Berge.

Vår nye direktør Kjartan Aa Berge frå Hyen er no på plass. Kjartan er 46 år gamal,
og kjem frå stillinga som direktør for Ernst & Young i Førde.

Den nye felles brosjyra for Musea i Sogn og Fjordane er klar.
Du finn den her.