NORSK REISELIVSMUSEUM

Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand fortel deg historia om framveksten av norsk reiseliv frå 1800 talet fram til i dag ved hjelp av digital utstillingsteknologi. Museet ligg vegg i vegg med Kviknes Hotell.

Museet opna dørene våren 2016. Det spektakulære museumsbygget er skore ut i grunnfjellet, noko som gjer det til ein attraksjon i seg sjølv og tilfører dei spesielle utstillingslokala estetiske kvalitetar. Ved å blande nytt med gamalt fortel museet reiselivshistoria frå 1800-talet fram til i dag ved hjelp av digital teknologi.

Hovedutstillinga er "Reiseliv i Norge". Delutstillingar syner m.a. den lokale reiselivshistoria og dei nasjonalromantiske kunstnarane i reiselivet. Mellombels utstilling om det nasjonale vegprosjektet, Nasjonale turistvegar. Norsk Reiselivsmuseum disponerer og tre antikvariske bygningar på kaia i Balestrand. Kafé med flott utsikt over fjorden, og ein liten museumsbutikk. 

Planlegg ditt besøk

Adresse

Holmen 12
6899 Balestrand
Tlf: +47 47 45 30 53

nrm@misf.no
 

Opningstider

Mai og september Tysdag til fre Kl 10-16
Juni, juli og august Alle dagar Kl 10-18
Oktober - april Stengt

Stengd 1. og 17. mai

Billettprisar

Vaksne NOK 80,-
Born 0-7 år Gratis
7 - 18 år NOK 30,-
Student  NOK 60,-
Honnør NOK 70,-
Grupper NOK 70,-

For meir info besøk Reiselivsmuseet sin nettstad.