HolvikejektaSamlingane i musea

Museet skal vere eit viktig samfunnsminne, gjennom systematisk å samle inn, bevare og gjere tilgjengeleg materielle og immaterielle minne for noverande og framtidige generasjonar

Musea i Sogn og Fjordane forvaltar over 122.000 gjenstandar, fordelt på kulturhistoriske, naturhistoriske og kunsthistoriske gjenstandar, 2 flytande farkostar, 142 båtar som ligg på land og 174 kulturhistoriske bygg med ei samla grunnflate på om lag 14.000 m2. Til saman er 13 av desse bygningane som er plasserte på Sunnfjord Museum, DHS - Sogn Folkemuseum og Kystmuseet i Sogn og Fjordane, automatisk freda eller vedtaksfreda. Fotosamlinga har passert 63 000 fotografi. Museet forvaltar også levande samlingar, 161 dekar kulturlandskap og 22 dekar hageanlegg. I tillegg kjem arkiv og kjeldesamling.